Studentar med innovativ app: Skal revolusjonere ernæringsrettleiing for personar med utviklingshemming

vernepleierstudenter namsos

Samarbeider om innovasjon. Denne gjengen med vernepleiestudentar ved Nord universitet i Namsos, har arbeidd med å finne nye løysingar for å ta tak i fedmeproblem blant folk med utviklingshemming. Frå venstre: Eline Wroldsen, Eila Hallem, Emilie Bakken, Elise Lefdal, Nawid Hussaini, Vidar Johansen og Bjørn Vidar Veiseth. Foto: Tarjei Abelsen.

Studentar med innovativ app: Skal revolusjonere ernæringsrettleiing for personar med utviklingshemming
Ein app med lett tilgjengeleg informasjon om kosthald, vil bidra til å betre matvanane blant personar med utviklingshemming.

Dette meiner ei gruppe vernepleiarstudentar ved Nord universitet i Namsos. På oppdrag frå St. Olavs Hospital i Trondheim har dei arbeidd med å finne løysingar på ei stor utfordring sjukehuset har:

Helsepersonell har ofte for lite kunnskap, og tid til å finne informasjon, om ernæring og kosthald for å kunne bidra til gode matval for sine pasientar og brukarar.

Dette vil sjukehuset no ta tak i, og det er særleg ei gruppe dei ser behov for å gi betre hjelp: Personar med utviklingshemming.

Årsaka er at overvekt, fedme og diabetes er eit meir utbreidd problem blant denne gruppa enn elles i befolkninga.

Difor har Regionalt senter for fedmeforsking og innovasjon bede studentane kome med forslag til tiltak. Tiltaka skal gjere det enklare for tilsette å halde seg fagleg oppdaterte på ernæringsrettleiing til personar med utviklingshemming.

– Det er spennande å få vere med å forme noko vi vil ha nytte av i jobben sjølv. Det er ein interessant prosess, seier student Eila Hallem om oppdraget dei har fått.

Lett tilgjengeleg informasjon

Senteret har gjennom prosjektet HEL-KOST kartlagt mange gode verktøy og informasjon om kosthald. Utfordringa er å gjere dette lett tilgjengeleg og interessant for tilsette.

Sjukehuset har konkludert med at informasjonen no er for vanskeleg tilgjengeleg til å bli brukt i ein travel kvardag.

Eila Hallem har også merka at det er lite kompetanse om kosthald og ernæring blant helsepersonell, og forstår utfordringa.

– Vi som jobbar med denne gruppa, kan ofte hamne i situasjonar der ein brukar treng ekstra hjelp med kosthaldet. Då står vi der litt blanke, seier ho.

– Når du står i ein situasjon med dårleg tid er det viktig å få oppdatert info med ein gong, om ein faktisk skal få gjort tiltak knytt til ein brukar sitt kosthald. Elles blir det fort bortprioritert, legg medstudent Elise Lefdal til.

Ung kvinne med langt hår festa i hestehale. Foto
Engasjerande. Student Eila Hallem synest det er interessant og gjevande å arbeide med å løyse reelle problemstillingar i vernepleiarstudiet. Foto: Tarjei Abelsen.

Naudsynt endring

Studentane har arbeidd med denne tematikken i innovasjonsveka på tredje studieår. Her har dei brukt ein metode som heiter Design Thinking. Der er idémyldring fyrste trinn.

I idémyldringa kom studentane fram til at ein app kunne vere ei løysing, som raskt og enkelt hjelper tilsette til å finne oppdatert informasjon om ernæring.

– Det hadde eg ofte hatt bruk for i jobben sjølv. Kosthald er eit stadig meir aktuelt tema i samfunnet generelt. Difor trur eg noko slikt kan slå an, seier Hallem.

Studentane ser føre seg ein app som både privatpersonar og helsepersonell kan bruke.

– Det er ikkje tvil om at det er naudsynt å ta i bruk ny teknologi i helsevesenet. Men dette er nok ein ting å setje seg inn i og venje seg til å bruke. Difor trur vi at appen ikkje berre må vere enkel. Vi må også klare å spreie bodskapet. Det må nesten bli ein trend om det skal fungere, meiner Hallem.

Difor trur studentane at appen må marknadsførast i mange ulike samanhengar, slik at dei når ut til både tilsette og brukarar.

Personleg tilpassa

Studentane vil lage ein app som personar med funksjonsnedsetjingar sjølve kan bruke òg, utan å måtte logge inn. Mange i denne gruppa har til dømes ikkje BankID.

– Tanken er at ein vel om ein er privatperson eller helsepersonell når ein tek appen i bruk. Vidare kan ein leggje inn eigne preferansar og eventuelle allergiar og sjukdommar som påverkar val av mat, seier Vidar Johansen.

– Eit oversiktleg oppslagsverk trur vi blir det viktigaste for tilsette, legg Hallem til.

Johansen har ferdigheiter på grafisk utforming. Han lagar ein visuell presentasjon av appen som dei skal presentere for St. Olavs Hospital.

– Appen skal mellom anna hjelpe dei å finne oppskrifter, leggje til ingrediensar til handleturen og få opplest oppskrift undervegs i matlaginga, forklarar han.

Personvern ivareteke

Utfordringa med å opne for å leggje inn personleg informasjon og preferansar, er at personvernet og informasjonssikkerheita må ivaretakast.

– Det er veldig viktig for sjukehuset at personvernet ikkje blir brote. Vi vil løysa det med kun lokal lagring av informasjon på brukaren si eining, seier Eline Wroldsen.

Ho trur det er viktig at appen ikkje legg opp til for mange funksjonar.

– I mange kosthaldsappar må du leggje inn tal på kaloriar, vekt, høgde og så vidare. Det tek lang tid og mange brukar det ikkje av den grunn. Difor prøver vi å unngå den fella, seier Wroldsen.

Smartboard med bilete av ein app i ein smart-telefon. Foto
App for alle. Ideen til studentane er at både helsepersonell og brukarar sjølve kan få informasjon om kosthald og ernæring lett tilgjengeleg. Data vil dei skal lagrast lokalt for å unngå innlogging og potensielle problemstillingar knytte til personvern. Foto: Tarjei Abelsen.

Mykje kosemat

Alle studentane har ei oppleving av at det er ein kultur for mykje kosemat på institusjonar og bukollektiv.

– Ofte er det initiert av helsepersonell som ynskjer å gjere noko koseleg. Men når det ikkje blir koordinert mellom vaktene, kan det fort bli for mykje av det gode for bebuarane, seier Wroldsen.

Lefdal meiner helsepersonell må bli meir medvitne om problemstillinga.

– Det er viktig at vi forstår at næringskvalitet kan ha innverknad på livskvalitet og sjølvkjensle. Og at vi kan vere med å bidra til at brukarane får eit kosthald som gjer dei godt.

At usunn mat ofte er billeg, bidreg òg til at mange et for mykje av ting som ikkje hjelper på helsa, meiner studentane.

– Dårleg økonomi er eit stort tema i denne gruppa, og det må tilrådingane i appen ta omsyn til, seier Lefdal.

Studenter i gruppearbeid. Foto
Kreativt arbeid. Studentane har jobba intensivt med å kome opp med idear til korleis informasjon om kosthald og ernæring kan bli meir anvendeleg i ein travel arbeidskvardag. Foto: Tarjei Abelsen.

Auke aktiviteten

Sjukehuset har utfordra studentane på at løysinga også gjerne må oppmuntre til auka aktivitet.

– Vi hadde tenkt å ha ein quiz eller eit spel for å bidra til å gjere læringa morosam. Men no heller vi mot å inkludere aktivitetar som til dømes eit stolpejaktspel i staden, seier Lefdal.

Studentgruppa har mange idear, men når vi møter dei jobbar dei med å avgrense seg.

– Det er viktig at det ikkje blir for mykje. Det viktigaste er at appen er oversiktleg og pedagogisk, med bruk av symbol som alle kan forstå, seier Hallem.

Viktig å sjå etter løysingar

Studentane fortel at dei legg ein ekstra innsats i arbeidet, når dei veit at resultatet kan bli til løysingar i det verkelege livet. Men å finne på nye smarte måtar å gjere ting på er ikkje enkelt.

– Innovasjon er ein lang prosess og krev mykje. Tre dagar er ikkje nok til å utforme eit komplett prosjekt, seier Hallem.

Jamvel meiner studentane at det er ei nyttig erfaring å bli utfordra til å tenke kreativt rundt jobben dei skal gjere.

– Det vil bli berre større og større behov ute i helsetenesta, og det er viktig at vi som skal ut i tenestene tenkjer stort og ser etter løysingar, seier Hallem.

– Ja, vi må vere løysingsorienterte og tore å tenkje nytt, konkluderer Lefdal.

Overgjekk forventingane

Forskingskoordinator Monica Devle ved St. Olavs Hospital arbeider med å vidareutvikle tenestetilbodet til både pasientar og helsetenesta. Ho arbeider med utveksling av kompetanse mellom ulike tenestenivå og kommunar.

– Det er viktig at det er kompetanse der folk bur, og at vi utvekslar erfaringar og kunnskap mellom oss, seier Devle.

Samarbeidet med Nord universitet er ein del av prosjektet HEL-KOST 3, som arbeider for retten menneske med utviklingshemming har til eit helsefremjande kosthald.

– Gjennom å involvere studentar håpar vi på å få innspel til enklare og meir spennande måtar å nå ut med verktøya til tilsette, enn det vi i 50-åra har tenkt på. Det fekk vi også. Her er det mange spennande forslag som overgjekk mi forventing, seier Devle.

Vil samarbeide meir

Devle vil ta med seg forslaga frå Nord-studentane til styringsgruppa i prosjektet og diskutere vegen vidare. Ei utfordring med å realisere prosjekta er pengar, eit tema studentane ikkje var bedne om å ta omsyn til.

– Vi vil sjå på moglegheita til å søkje om pengar som kan finansiere nokre av ideane som har kome, seier Devle.

Ho opplever samarbeidet med Nord som positivt og ønskjer seg meir samarbeid i framtida.

– Det var veldig nyttig å få med studentane i dette arbeidet. Vi vil fortsetje samarbeidet med Nord fordi vi synest det har fungert veldig bra, seier Monica Devle.

Vinn-vinn-situasjonar

Nord universitet har mål om å samarbeide tettare med regionen, og studieprogramansvarleg Anita Berg meiner dette er eit godt døme på ein vinn-vinn-situasjon slike samarbeid kan skape.

– Gjennom innovasjonsveka fekk vi kombinert ein viktig problemstilling i praksisfeltet til vernepleiarar, eit konkret kunnskapsbehov i eit pågåande FoU-prosjekt og gitt studentane praktisk erfaring med innovasjonsarbeid. Rett og slett eit kinderegg. Det er veldig motiverande både for studentane og for faglærarar med slike opplegg, og noko vi absolutt bør gjere meir av, seier Berg.

Som forskar var ho med i referansegruppa til HEL-KOST-prosjektet, og såg moglegheita for eit samarbeid.

– Det handlar om å sjå dei moglegheitene vi har rett foran oss. Jo meir samhandling vi har med tenestene, jo lettare er det å få dette til. Studentane våre er jo ein kjemperessurs, og om dei kan lære og dele av sin kunnskap samstundes er det jo veldig bra, meiner Berg.

Fakta om vernepleie

Vernepleiarar jobbar ofte som miljøterapeutar og bistår menneske i deira kvardagsliv i ulike delar av helse-, omsorgs- og velferdstenestene. Som vernepleiar legg du til rette for at menneske med fysiske, psykiske og sosiale funksjonsvanskar, får moglegheiter for deltaking i samfunnet på lik line med andre.

Du kan blant anna arbeide innan heimebaserte tenester, barnevern, i spesialisthelsetenesta og i skule- og barnehagesektoren.

Vernepleie, bachelor:

  • Oppstart: Haust 2024
  • Studieform: Heiltid
  • Studiepoeng: 180
  • Studiestad: Namsos
  • Studielengde: Tre år
Kontaktperson