Trør til med 15 skulebilar

Oleksii Kobets frå Ukraina er klar for køyretime. Ute av bilen står studentane Odd Bjarne Øverby og Kirsti Sæter. Foto: Trafikklærarutdanninga Nord
Trør til med 15 skulebilar
Trafikklærarstudentane i Stjørdal lærer ukrainske flyktningar om norsk trafikkultur.

Tidlegare i år vedtok styresmaktene at ukrainske flyktningar kan køyre på sitt ukrainske førarkort i Noreg.

Dette gjeld ikkje berre for personbil, men alle førarkort-klassar kjem inn under ordninga.

Ny trafikkultur

– Men det kan likevel by på utfordringar å forhalda seg til reglar og skilt som skil seg frå det ein er vand til, seier Thor Owe Holmquist, universitetslektor ved faggruppe trafikk, Nord universitet, studiestad Stjørdal.

Det var med tryggleik i fokus at trafikklærarutdanninga i haust sa ja til eit spesialoppdrag der studentane både i teori og praksis underviser ein eigen klasse med ukrainske bilførarar som allereie har førarkort. Etter ein periode med teoretisk undervisning, møter studentane opp med inntil 15 skulebilar for å gje ei praktisk innføring i norske trafikkreglar.

Trafikkopplæringa ved Nord universitet i Stjørdal har i rundt 20 år hatt eit samarbeid med vaksenopplæringa i kommunen, og opplæring av ukrainarane er ein del av det etablerte samarbeidet. Bruk av skolens køyresimulator inngår òg i tilbodet.

Aukar samfunnsforståinga

Evne til å løyse trafikksituasjonar, risikoforståing og samhandling heng tett saman med språk -og kulturforståing, og Holmquist fortel at tilbakemeldingane går på effekt og ringverknadar ut over det som handlar om trafikk.

Forstår du trafikkultur, forstår du mykje av korleis samfunnet fungerer.

Thor Owe Holmquist, universitetslektor

Han fortel at sjølv om førarretten er på plass, skal det litt til for å bli vand til vår meir defensive og omsynsfulle køyrestil.

– Det er lite tut-og-køyr her hos oss, seier han.

Migrasjonsundervisning i praksis

Alle kommunar har eit ansvar i høve til å formidle trafikkultur, men ikkje alle har mannskap til å handsame det godt nok.

– På den måten er vi privilegerte i Stjørdal, seier Holmquist.

Òg for trafikklærarstudentane er det ein stor fordel ikkje berre å få teoretisk kunnskap om å undervise elevar som ikkje har heile det norske språkregisteret på plass. Dei får òg prøvd det i praksis. Migrasjonsopplæring utgjer ein viktig del av trafikklærarkompetansen.

– To og to studentar køyrer med ein elev i bilen. Slik får dei prøve migrasjonsundervising ute i trafikken, under trygge tilhøve.

Oleksii Kobets frå Ukraina er klar for køyretime. Ute av bilen står studentane Odd Bjarne Øverby og Kirsti Sæter. Foto: Trafikklærarutdanninga Nord
Klar til start: Oleksii Kobets frå Ukraina er klar for køyretime. Ute av bilen står studentane Odd Bjarne Øverby og Kirsti Sæter. Foto: Trafikklærarutdanninga Nord

Høgreregel og vikeplikt

Trafikklærarstudent Odd Bjarne Øverby har fått erfare kva det vil seie å ha ein elev med minimale kunnskapar i både norsk og engelsk. Sjølv har han vore tungbilsjåfør i over 20 år, og utdannar seg no for å bli trafikklærar for tyngre køyretøy.

– Då vart det å stoppe for å bruke google translate innimellom. Men det gjekk fint det òg, seier han, og legg til at han oppfattar ukrainske bilførarar som reflekterte, rolege og forsiktige trafikantar.

– Det verkar som ukrainarane har ein mild køyrekultur, seier han. Han fortel at det vart litt latter i bilen då eit av orda han brukte vart til «hundekøyring» i omsetjinga.

– Vikeplikt er jo eit viktig ord å forstå, og heldigvis er både «go» og «stopp» ganske så internasjonalt, seier han.

Om han skal peike på ei trafikal utfordring, så er det at ukrainarar ikkje er vande til å forhalda seg til høgreregel.

– Den er jo utruleg viktig å ha på plass når du køyrer i Noreg.

Individtilpassing

Holmquist fortel at elevane er takksame og lærevillige, anten dei er 18 år eller godt vaksne. For mange er førarkortet viktig for å skaffe seg jobb i Noreg.

– Våre studentar opplever dette jamt over som spanande og meiningsfylt. Dei får ein god ballast med seg ut i arbeidslivet, noko som vil bli verdsett av trafikkskolane som er pålagde å tilpasse undervisinga individuelt, seier Thor Owe Holmquist.

Trafikkfag

Nord universitet har eit nasjonalt ansvar for utdanning av trafikklærarar. Ved studiestad Stjørdal blir det tilbydd eit breitt utval av studium innan trafikkfag.

>> Sjå studietilbod

Kontaktperson