Valde bilen som klasserom

Elisabeth Skarshaug Pedersen

Sterk oppleving: – Eg kjem aldri til å gløyme kjensla av at den første eleven fekk lappen, seier trafikklærar Elisabeth Skarshaug Pedersen. Foto: Inger Orvin.

Valde bilen som klasserom
To ting stod heilt klart da Elisabeth skulle velje yrke: Ho ville jobbe med menneske, og ho fann pedagogikk spennande.

Elisabeth Skarshaug Pedersen avlivar raskt myten om at ein trafikklærar må være spesielt interessert i bilar og motorar. Det var interessa for menneske og læring som fekk Elisabeth til å satse på utdanning som trafikklærar.

Det å få jobbe med elevar ein-til-ein, passar henne betre enn å jobbe med ein «flokk» i eit klasserom.

Lærar på glattisen

Sidan i sommar har Elisabeth køyrt rundt i Bodø og omegn i ein skulebil med «Barkhald og Pedersen» på dørene, og pedalsett på passasjersida. Det er hennar første vinter som trafikklærar, og ho skal bidra til at fremtidige sjåførar køyrer trygt og sikkert, uansett ver- og føreforhold.

Elisabeth, som eigentleg kjem frå Kjøllefjord i Finnmark, gjorde seg godt kjent med vegnettet i Bodø før ho søkte seg inn på trafikklærarutdanninga i Stjørdal. Da køyrde ho postbil samtidig som ho studerte idrett på universitetet. Så ho veit akkurat kvar ho skal ta med elevane for å øve på alle dei små elementa som skal sitje før oppkøyringa.

Det kan nemleg hende at ein situasjon må framprovoserast, sjølvsagt heilt trygt, for at elevane skal skjønne teikninga. Og som i skuleverket elles, må metodane bli tilpassa den einskilde eleven. Eit innkøyringsforbod-skilt som kjem litt brått på, kan til dømes vere ein god augeopnar.

Ingen dag er lik

Elisabeth likar variasjonen i yrket godt. Dei vanlege køyretimane varer i halvanna time. Innimellom er det andre oppgåver på trafikkskulen. Så kjem banekøyring og «Trafikant i mørke», sistnemnde kurs føregår som tittelen beskriv, etter mørkets frambrudd.

Men det som gjer yrket aller mest spennande, er at folk er så forskjellige. Nokon er stille og pratar lite, andre skravlar og gir meir av seg sjølv. Nokon har også språkutfordringar.

– Da er det ikkje alltid så lett å vite om dei har forstått det du har forklart, seier Elisabeth.

Men ubehagelege situasjonar der ho er blitt respektlaust behandla, det har ho aldri opplevd.

Utdanning to-the-point

Den relativt ferske trafikklæraren føler at ho blei godt skodd gjennom utdanningsløpet ved trafikklærarutdanninga i Stjørdal, der utdanninga faktisk driv Noregs største trafikkskule.

– Vi blei delt inn i bilgrupper på fem til seks studentar, og vi jobba tett i lag gjennom teori og praksis. Gjennom egenkommenterande køyring fekk vi trening i å setje ord på dei vala vi gjorde.

– Pedagogisk observasjon frå baksetet var også veldig lærerikt, når vi tok oss tid til å planlegge køyretimen ut frå det vi ønska ekstra fokus på, og evaluerte i etterkant. Gjennom teori og praksis blei det lagt eit viktig grunnlag for trafikklærarjobben, seier ho.

Synlege resultat

Når dagen for oppkøyring er komen, er systemet nådelaust. Her finst ingen karakterskala mellom 1-6. Du består – eller du stryk.

– Desse dagane er utruleg spennande, seier Elisabeth.

Og skulle det no vere slik at ein elev må gjennom oppkøyring runde to, kan ho vere med som observatør og tryggleiksfaktor i baksetet om eleven ynskjer det.

– Eg kjem nok aldri til å gløyme kjensla av at den første eleven fekk lappen, seier Elisabeth Skarshaug Pedersen, før ho set seg i bilen for å plukke opp dagens siste elev.

Trafikklærar

Stjørdal

Er du interessert i trafikksikkerheit og vil arbeide med menneske? Trafikklærarutdanninga går over to år og har studentar frå heile landet. Du får grundig opplæring i teori og den praktiske kunnskapen du treng for å bli ein dyktig trafikklærar. I studiet lærer du om samspelet i trafikken og utviklar din eiga køyredyktigheit.

Sjå studieprogramside

Kontaktperson
Ansattbilde: Linn Glemmestad Larsen
Studieveileder for trafikklærerstudiet

Linn Glemmestad Larsen