Ved studentanes side – frå start til mål

To kvinner ute i godt vær under blå himmel
Ved studentanes side – frå start til mål
Vart ikkje studiestarten heilt som du såg for deg? Treng du noko å snakke med? Studentinord har open dør for deg, kvar dag – heile året.

Dei siste vekene har Marthe og Sissel i Studentinord møtt mange av Nord universitet sine ferske studentar. Saman med sine kollegaer har dei vore synlege og til stades ved alle dei åtte studiestadane.

Eitt av måla er å få alle studentane til å bli klar over at Studentinord kan hjelpe til med alt frå bustad og barnehage, til studentliv, råd og helse.

– Vi veit at det er ein del faktorar som er viktige for å trivast. Kvar einskild må kjenne etter kva det er du treng for at du skal ha det bra i ditt liv. Kjenn litt på det når du kjem attende på hybelen. Vi veit at det er mykje nytt du må venne deg til. Men vit at det går over og blir bra.

Det seier Sissel Rian. Ho jobbar i avdeling for råd og helse i Studentinord, og har møtt veldig mange studentar opp gjennom åra.

Ny undersøking avdekker alvorlege tal

Marthe Aas Hauge er leiar for studentliv, og har base ved Nord universitet sin campus i Bodø. Ho fortel at dei har stort fokus på studentretta tiltak og aktivitetar.

– Studentane si helse- og trivselsundersøking, kjent som SHoT-undersøkinga, avdekker tal som vi må ta på alvor. Det er stadig fleire som fortel at dei er einsame og at dei slit med si psykiske helse. Vi jobbar difor mykje for å være tryggleikspersonar som studentane kan møte i studiekvardagen, men også på ettermiddagane i kantina eller i bustadane, seier ho.

Studenten i fokus: Marthe Aas Hauge i Studentinord er leiar for studentliv. Foto: Bjørnar Leknes.

Helsestasjon for ungdom

Sissel Rian fortel at dei bruker tid på å fortelje studentane om tilboda dei har i vertskommunane sine. Mange er ikkje medvitne om at når dei bor i ein kommune, så har dei krav på dei tilboda som finst der, på lik line med alle andre innbyggjarar.

– Ta til dømes tilbodet om helsestasjon for ungdom. Dette er eit gratis tilbod for studentane våre opp til dei er 25 år, seier Rian.

Ho fortel at dei har regelmessige møter med alle vertskommunane og helsesjukepleiarar som jobbar der.

– Vi jobbar i lag til det beste for studentane våre, seier ho.

Det sterkaste minnet

Sterke minner: Sissel Rian i Studentinord har møtt mange studentar opp gjennom åra. Nokre av møta har festa seg i minnet hennar. Foto: Bjørnar Leknes.

Etter å ha jobba tett på studentane over mange år, har Sissel mange sterke opplevingar. Nokre har brent seg fast som ekstra sterke.

– Av og til blir studentar sjuke undervegs i utdanningsløpet. Dei legg planar for å bli ferdige, men så skjer det brått uventa ting. Sånt gjer inntrykk, seier ho ettertenksamt.

Ho fortel om den gongen ho fekk ei helsing frå radiumhospitalet. Studenten som tok kontakt hadde fått kreft, og tok kontakt for å seie at ho håpa vi framleis er der når ho er attende om eitt år, slik at dei kan gjenoppta samtalene da.

– Det å sjå at folk faktisk klarar å mobilisere sjølv etter at dei har gått gjennom kjempehard strålebehandling og cellegift, det er sterkt. Du møter studentar som evner å tenke at dette skal eg klare, og at dette berre er ein liten time-out i livet. No skal eg berre bli fri den kreften, så skal eg kome tilbake og studere. Det syner at det er mogleg å finne tilbake til det engasjementet ein hadde før sjukdommen råka.

– Det viser meg kor mykje som bur i den einskilde. Sjølv om du får ein alvorleg beskjed, så kan du få råd og rettleiing. I akkurat dette høvet kom vedkomande tilbake og gjennomførte det ho hadde starta på, seier ei bevega Sissel Rian.

No skal eg berre bli fri den kreften, så skal eg kome tilbake og studere. Det syner at det er mogleg å finne tilbake til det engasjementet ein hadde før sjukdommen råka.

Sissel Rian, Studentinord

Viktigheita av å sjå kvarandre

Ynskjer velkomen: Saleh L. Alsowafy er student og fadder ved Nord universitet i Namsos. Foto: Bjørnar Leknes.

Ved Nord universitet i Namsos møter vi student og fadder Saleh L. Alsowafy. Han var sjølv ny i Namsos for eitt år sida, og var spent på korleis det skulle gå å flytte inn i studentbustad i ein heilt ny by.

– For meg gjekk det veldig fint. Eg sosialiserte meg fort og vart med på det som skjedde av arrangement. Det er eit veldig fint studiemiljø her, seier han.

Som fadder er han medviten på viktigheita av å ta godt vare på dei som no er nye.

– Det beste eg kan gjere for dei nye studentane er å introdusere dei for byen og studiestaden, og gje dei nokre tips og triks, seier han med eit smil.

Studentinord tilbyr mange kurs

Både Rian og Aas Hauge oppmodar studentane til å ta kontakt og spørje om det er noko dei saknar.

Studentinord tilbyr mellom anna ei rekkje kurs, om alt frå tankevirus, eksamensstress, ta ordet-kurs og korleis takle tidstjuvar og utsettingar.

– Men vi kan også arrangere kurs på bestilling frå studentane, alt etter kva dei har behov for. Ta difor kontakt, så kan vi få det til digitalt eller fysisk på dei ulike studiestadane, seier Aas Hauge.

Marthe og Sissels råd til studentar

  • Ta kontakt og spør oss om du lurer på noko. Studentinord har teiingsplikt.
  • Sjå dine medstudentar og snakk med dei som er utafor.
  • Vær saman med andre – ikkje sitt mykje aleine.
  • Delta på det som skjer.
  • Gå tur i lag med nokon.
  • Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod for alle studentar opp til 25 år.

Les meir: