Forny din karriere: Nytt deltidsstudium i journalistikk gir deg sjansen

Journaliststudenter

Journalistutdanning på deltid: Grunnstudium i journalistikk har søknadsfrist 1. februar 2024. Foto: Karoline O. A. Pettersen

Forny din karriere: Nytt deltidsstudium i journalistikk gir deg sjansen
Våren 2024 opnar Nord universitet dørene for ein spennande moglegheit til å studere journalistikk på deltid.

Journalistutdanninga har utvikla eit nytt samlingsbasert studium, i samarbeid med to bransjeorganisasjonar.

– Dette er eit deltidsstudium som passar godt for dei som vil kombinere studiar og jobb. Dersom du jobbar i ein redaksjon, men manglar formell kompetanse, er dette studiet for deg, seier Birgit Røe Mathisen, professor i journalistikk og prosjektleiar for det nye studiet.

– Det same gjeld om du har ein annan type jobb, men har lyst til å lukte på journalistikken, seier ho.

Journalistutdanning på ny måte

Studiet er på 30 studiepoeng, og går over 1,5 år. Det inneber at studentane tar ti studiepoeng kvart semester. Det er ei veke med fysisk samling kvart semester. Resten av undervisninga er digital. To av samlingane blir på campus i Bodø, og ei på campus i Levanger.

– Studiet fell saman med siste halvdel, altså andre semester, av det første året på bachelorutdanninga i journalistikk. Det inneber at ein kan ta første del av bachelorutdanninga på ein fleksibel måte, seier Mathisen.

Dette er eit deltidsstudium som passar godt for dei som vil kombinere studiar og jobb.

Birgit Røe Mathisen, professor i journalistikk

Emnestrukturen er litt annleis, men innhald, læringsutbyte, pensum og eksamensformer er ganske likt. Halvårstudiet kan seinare bli innpassa i bachelorgrad.

– Vi håpar jo at nokre av dei som tar dette studiet, også ynskjer å halde fram med journalistutdanning. I så fall har dei gjort unna eit halvt år, seier Birgit Røe Mathisen.

Samarbeid med bransjen

Studiet er utvikla i nært samarbeid med Nordnorsk Redaktørforening og Landslaget for lokalaviser (LLA). Begge organisasjonane er representerte i studiets prosjektgruppe.

– Som redaktør i eit lokalt mediehus, er kompetanse og rekruttering det viktigaste eg held på med. Det nye studiet gir små redaksjonar ei unik moglegheit til kompetanseheving i redaksjonen, utan at det går ut over den daglege drifta, seier Steinulf Henriksen, leiar i Nordnorsk Redaktørforening og sjefredaktør i Folkebladet.

Henriksen sit også i prosjektgruppa og har vore med å utvikle studiet.

– Det har vore et givande arbeid. Det har gitt meg moglegheit til å påverke innhaldet, slik at det forhåpentlegvis treffer der behovet er størst for meir kompetanse i mediehusa, seier han.

Også Tomas Bruvik frå LLA sit i prosjektgruppa. Han peikar på at bransjen, og spesielt dei små redaksjonane, over tid har slite med å rekruttere faglærde journalistar. Det fører til at det blir tilsett journalistar utan fagkompetanse eller erfaring frå før.

– I ei tid der rekruttering er vanskeleg, er det fantastisk at ein no kan ta ei god utdanning samtidig som ein er i jobb utan å flytte, seier han.

– Det gir moglegheit for fleire som jobbar som journalistar til å få ei formell utdanning, og det gir redaksjonane solid og viktig kompetanse.

Lokaljournalistikk

Undervisninga blir særleg retta mot kvardagen som lokaljournalist. Studiet består av seks emne, kvar på fem studiepoeng:

  • lokaljournalisten
  • offentlegheit og innsyn
  • frontsjefen
  • grunnleggjande innføring i språk og intervjumetode
  • grunnleggjande innføring i lyd og podkast
  • grunnleggjande innføring i visuell journalistikk

Gjennom teoretisk undervisning, praktiske øvingar og rettleiing, gir studiet innføring i yrkesrolla som lokaljournalist. Studiet gir trening i sentrale journalistiske ferdigheiter, som kjeldekritikk, research og intervju, innsyn og offentlegheit, i tillegg til innhaldsproduksjon.

Det gir òg eit solid grunnlag i presseetisk bevisstheit og refleksjon.

HK-dir: – Eit framifrå prosjekt

Journalistutdanninga får nesten sju millionar kroner i støtte frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) til å opprette studiet. Dette skjer gjennom ei utlysing for fleksibel og desentralisert utdanning. I si grunngjeving for tildelinga av støtta, skriv HK-dir:

– Prosjektet framstår som framifrå godt planlagt. Prosjektet viser førebiletleg god evne til å ta omsyn til brukargruppa sine behov for fleksibilitet.

Gler seg

Birgit Røe Mathisen og resten av faglærarane ved journalistutdanninga, gler seg stort til å ta imot det første kullet til fysisk samling i Bodø i veke 11.

– Det blir spennande å prøve ut ein ny og meir fleksibel måte å drive utdanning på. Vi trur denne typen studiar vil nå ei anna studentgruppe, enn dei som startar eit fulltids campus-basert studium. Det er òg svært givande å undervise studentar som kombinerer studiar og jobb, seier ho.

Søknadsfrist for første kull er 1. februar.

Grunnstudium i journalistikk

Studiet gir trening i sentrale journalistiske ferdigheter og retter seg særlig mot lokaljournalistikken.

  • Oppstart: Vår 2024
  • Studiepoeng: 30
  • Søknadsfrist: 1. februar 2024

Grunnstudium i journalistikk (nord.no)