Informasjon frå Nord om vedtak i nemnda for studentsaker

Nord-logo med person i bakgrunnen
Informasjon frå Nord om vedtak i nemnda for studentsaker
Fredag 12. april offentleggjorde Ingvild Kjerkol at nemnda for studentsaker har fatta vedtak i handsaminga av hennar og ein medstudents masteroppgåve.

Ifølgje Kjerkol har nemnda fatta vedtak om at masteroppgåva er annullert, med grunngjeving i at tekstlikskapane i oppgåva er å rekne som forsettleg fusk.

Etter offentleglova og forvaltningslova kan verken nemnda eller Nord universitet uttale seg om enkeltsaker. Dette gjeld framleis.

Nord universitet har motteke protokollen som kopimottakar i tråd med ordinær saksgang, og vil setje seg inn i denne.

Før nemnda for studentsaker byrja sitt møte onsdag, uttalte leiar av nemnda, Eilif Nordahl, følgjande til pressa:

– Eg finn grunn til å presisere at ingen i nemnda kjem til å kommentere saka ut over det som står i avgjerda.

Nordahl peika også på at nemnda ikkje kan gi nærare opplysningar om saksbehandlinga av den konkrete saka.

For meir informasjon om nemnda for studentsaker og om saksbehandling av denne typen saker, sjå vår side med svar på ofte stilte spørsmål. På sida for media og presse er det også samla informasjon om saka: