Sykepleierstudent Edvard: – Utdanning i distrikta har klare fortrinn

Edvard Platou

Fornøgd med valet: Edvard Platou sine spådommar om at sjukepleiarutdanning i Namsos ville gi varierte erfaringar han kan dra nytte av vidare i karriera, har slått til. Foto: Tarjei Abelsen.

Sykepleierstudent Edvard: – Utdanning i distrikta har klare fortrinn
Edvard Platou har ikkje angra ein dag på at han valde eit lite universitet på ein liten stad.

Platou er inne i det tredje året på sjukepleiarutdanninga i Namsos. Han er klar på kvifor han søkte seg akkurat hit.

– Eg valde å søke meg hit fordi det er eit lite universitet på ein liten stad. Når du har praksis, som til dømes på sjukehuset, kjem du på avdelingar som tek inn pasientar av alle slag, med ganske komplekse sjukdomar og sjukdomsbilete. Det skjer nettopp fordi det ikkje er svært spesialiserte avdelingar på eit lite sjukehus, forklarar Platou.

– På eit større sjukehus er avdelingane ofte så spesialiserte at du berre behandlar pasientar med sjukdomar i øvre luftvegar, utdjupar Platou.

Godt studiemiljø

Han opplever ein nærleik til faglærarane sine. Dette meiner han er unikt for mindre universitet.

– Policyen er at det er lov å banke på dørene. Her blir vi møtt med fornamn, og det er veldig godt som student.

For Platou var det ikkje aktuelt å søke seg til ein større by. Han ser ikkje at det ville ha gjeve han ein betre studiekvardag.

– Ein ting er nærleiken til lærarane og gode praksisplassar, men det blir også eit tett studentmiljø. Når ein ikkje har den store byen, må ein vere litt nær med dei ein studerer med. Det synest eg er fint, seier Platou.

Mannlig sykepleierstudent som holder i ei sykeseng. Foto
Lite sjukehus. Edvard Platou i praksis ved Namsos sykehus si akuttavdeling, kor han har fått variert erfaring. Foto: Tarjei Abelsen

Treng alle type menneske

Til sommaren er han etter planen ferdig med utdanninga si, eit val han eigentleg tok for mange år sidan.

– Eg har vore sikker på at eg ville bli sjukepleiar sidan midt i ungdomsskulen. Eg er kjempefornøgd, og har ikkje angra ein dag sidan eg byrja.

Platou meiner helsesektoren er tjent med å få inn eit mangfald av menneske i yrka, fordi det er eit mangfald av menneske ein er sett til å ivareta.

– Yrket er framleis til dels kvinnedominert, men pasientane ein får inn er alle typar menneske. Då treng vi alle slags menneske som sjukepleiarar også, seier Platou.

Mange moglegheiter

Mannlig sykepleier som diskuterer med en kvinnelig sykepleier. Foto
Eit enklare val. Platou meiner sjukepleiaryrket byr på mange moglegheiter. Gjennom praksis har han funne ut at jobb ved ei akuttavdeling passar han midt i blinken. Foto: Tarjei Abelsen.

Platou har erfart i løpet av studiet at sjukepleiaryrket gir moglegheit for jobb i eit større mangfald av stader, enn han hadde reflektert over tidlegare.

– Du treng ikkje å vere på eit sjukehus eller eit sjukeheim. Du kan til dømes jobbe i ei bedrift med HMS. Mi erfaring er at du kan jobbe overalt. Det er behov for sjukepleiarar overalt.

Sjølv om han tidleg bestemte seg for å bli sjukepleiar, er det i løpet av studiet, med utprøving av ulike stillingar i praksis, at han har funne ut meir om kva han heilt konkret kan tenke seg å jobbe med.

– For meg hjalp det veldig å snevre inn kva eg har lyst å halde på med. No har eg praksis på akuttmottaket, og eg kjenner at det kan være ein plass eg har ei framtid, seier Edvard Platou.

Sjukepleiarutdanning

Som sjukepleiar vil du være tett på menneske i livets viktige augeblink, som ved fødsel og ved slutten av livet. Du må ofte tenke og handle fort, samstundes som du må være fagleg dyktig. Du vil ha ein særs innhaldsrik og meningsfull jobb.

Meir om studia:

Sjukepleie, bachelor: Bodø, Levanger, Mo i Rana og Namsos

Sjukepleie, regional - fireårig, nett- og samlingsbasert: Bodø, Levanger, Mo i Rana, Namsos og Vesterålen

Klinisk sjukepleie, master: Bodø