Utveksling gir deg ei personleg utvikling

En mann og to kvinner i indisk klesdrakt
Utveksling gir deg ei personleg utvikling
– Eg synest kulturen i landet er veldig fin. Om det er nokon som spør om hjelp, seier dei alltid ja, fortel Linn som nyleg var i India.

Linn Gulbrandsen studerer sosialt arbeid ved Nord universitet i Bodø. Ho var ein av tre studentar som hadde praksis i Bangalore i India våren 2023.

Eigentleg saknar eg India heilt vilt!

Linn Gulbrandsen

– Eg saknar kaoset der, gjestfridomen, og eg saknar veldig min medstudent Margrete, som studerer i Levanger. Det er berre vi tre norske som veit kva vi har opplevd. Eg er veldig glad for at Endre er i Bodø med meg, fortel Linn.

Allereie før ho byrja å studere sosialt arbeid, hadde ho eit mål om å reise på utveksling i løpet av studietida. Då ho søkte studieplass, gjekk ho inn og sjekka kva praksisplassar Nord universitet tilbyr.

– Eg ville ut og sjå litt av verda, og eg ville dra ein stad som eg mest sannsynleg ikkje hadde reist til elles, fortel ho.

Valet fall på India. Utvekslinga skulle bli hennar første møte med Asia.

To kvinner med maling i ansiktet
Fargerikt fellesskap: Linn Gulbrandsen og medstudent Margrete. Foto: privat.

Utreise og førsteinntrykk

Som student ved Nord universitet har du mange moglegheiter til å reise på utveksling. Nord har avtalar både i og utanfor Europa, noko du har ei ypperleg anledning til finne ut meir om frå 23. - 27. oktober. Da arrangerer universitetet Internasjonal uke, som er retta både mot studentar og tilsette.

Linn reiste ut i januar 2023. Før ho reiste, fekk dei beskjed frå lærarane på studiet at dei måtte vere forsiktige.

– Men eg var ikkje redd. Eg tenkte at det måtte vere ganske trygt sidan Nord universitet sender studentar dit, fortel ho.

Dei var ikkje i fare ein einaste gong, seier ho.

– Bortsett frå i trafikken då. Der var det heilt sjukt. Det einaste trafikantane stoppa for var raudt og grønt lys. Elles var det fritt fram. Me kunne sjå fem personar på ein scooter. Men me fekk høyre at dei har blitt strengare på at mjuke trafikantar må bruke hjelm, legg ho til.

To menn på moped i ei tong gate i India
Kaotisk: Trafikken i India er ikkje heilt som her i Noreg. Foto: privat,

Praksisplassane

På dagen var dei i praksis. Dei var på ulike praksisplassar som dei hadde funne sjølve. Dei var i ein heim for menneske med nedsett funksjonsevne. Dei var i slummen og underviste born.

Linn og medstudent Margrete var òg på Hospice, ein institusjon som har spesialisert seg på å gi tilbod til pasientar i livets sluttfase.

– I slummen spelte vi spel med borna. Det var veldig spanande for dei å sjå oss, men det vart ikkje så mykje læring. Det var meir interessant å sjå om tatoveringane våre gjekk av kroppen. Borna var sånn “sit dei fast?”, seier ho og ler.

Det var Hospice som gjorde mest inntrykk.

– Det var veldig spanande å sjå korleis dei gjorde det der. Me fekk eit nært møte med døden. Det er ingen av pasientane som blir betre, fortel ho.

Institusjonen var utsmykka med eit fossefall og eit badebasseng midt i.

– Dei har veldig stort fokus på familien og dei døande. Me fekk nok vere med på mykje meir enn det som inngår i studiet sosialt arbeid, seier ho.

Hospicet fungerte òg som eit opplæringssenter. Dei gjekk rundt i grupper på 10-15 personar til kvar pasient. Dei var ei tverrfagleg gruppe med fysioterapeutar, sosialarbeidarar, sjukepleiarar og legar. Alle ønska å lære.

Pasienten skulle fortelje til alle saman kva som plaga dei den dagen.

Då dei stod i sirkel kring pasienten, tenkte Linn på korleis det måtte følast for pasienten. Sjølv hadde ho ikkje vore komfortabel med at så mange skulle sjå ho i same situasjon. Men ho såg for seg at pasientane sikkert tenkte at “jo fleire folk, jo betre”.

– Dei er veldig vande med å vere mange på grunn av kulturen og storfamilien. I Noreg er det heilt annleis. Då ville dei tilsette bedt pårørande å gå ut når dei skal hjelpe ein pasient på toalettet.

Linn har reflektert rundt rolla deira som utvekslingsstudentar i India.

– Det er viktig å tenke at det var vi som var på besøk. Det var vi som var på utveksling. Difor var det vi som måtte tilpasse oss kulturen, reflekterer ho.

Språk og kroppsspråk

– Om eg hadde lært meg hindi, hadde det vore heilt forgjeves. Om eg hadde reist ein time unna, snakkar dei eit heilt anna språk, seier Linn.

I India finst det 22 språk som er grunnlovsfesta. Totalt finst det om lag 20 000 språk og dialektar i India.

– På praksisplassen var det eit problem med språk. Dei eldre pasientane snakka kanskje ikkje engelsk, og dei tilsette snakka kanskje ikkje språket deira, held ho fram.

Ho lærte at uavhengig av språk kan ein hjelpe.

– Eg har aldri sett så mykje sorg i eit andlet før utan å direkte forstå kva personen sa, fortel Linn.

Det var særleg ein scene som har brent seg fast i minnet hennar.

– Eg fekk vere med på eit møte der rettleiaren min skulle fortelje ein pasient at ho hadde tapt kampen mot kreft.

Pasienten var 40 år. Familien hadde selt alt. Mannen hadde jobba seg i hel. Dei hadde prøvd alt av behandling.

– Me måtte fortelje pasienten at ho ville døy innan seks månader.

Det var ei absurd oppleving i form av at eg kunne forstå utan å forstå. Det var godt å på ein måte kunne vere til og sjå at det hjalp at me var der.

Linn Gulbrandsen

Ei veke etter at dei fortalde nyheita, døydde pasienten.

Utlending

Linn og dei andre studentane frå Nord fekk kjenne det på kroppen at dei såg annleis ut enn dei lokale.

– Me følte at me hadde ein viss status i India fordi me var litt lysare i huda, fortel ho og utdjupar:

– Me kunne ikkje gå på gata utan at nokon spurde om å ta bilde med oss, fortel Linn.

Ho seier at dei av og til, når dei stod i kø, vart sleppte framfor dei andre. Men lenger utanfor byen vart dei behandla annleis. Om dei skulle inn i eit tempel eller andre attraksjonar måtte dei betale meir fordi dei var utanlandske.

På campus betalte dei òg meir samanlikna med andre studentar.

– Det blir nesten som “omvendt rasisme”, meiner ho.

Synleg

– Sjølv blant så mange millionar menneske, merkar du at du er ganske synleg, meiner Linn.

Det var det ho bekymra seg mest for då ho skulle reise dit.

– Eg ønska å kjenne på pulsen i byen utan at den forandra seg berre fordi me var der, utdjupar ho.

Ho merka at merksemda dei fekk frå dei lokale kom an på kven som var i gruppa.

Når dei tre studentane frå Nord gjekk saman, ville dei kome bort til han eine guten i gruppa. Om det berre var dei to jentene som gjekk saman, var dei lokale kanskje enda meir påtrengande. Til slutt vart dei flinke til å seie ifrå at dei måtte vidare. At dei ikkje hadde tid til å prate.

Utbyttet

– I høve til sosialt arbeid trur eg nok at eg hadde fått meir utbytte av å vere i NAV til dømes, men alle vi tre som reiste er einige om at vi har fått ei personleg utvikling, fortel Linn og legg til:

– Eg sit att med følelsen av at du må vere ein ganske sjølvstendig person for å reise på denne utvekslinga. Det er ikkje så mykje som blir lagt i fanget.

Ho ønskjer at ho kunne vore der lenger.

– Det var så fint og enkelt å vere der til slutt, men alt tok veldig lang tid. Eit ærend kunne ta ein heil dag. Det er klart at det var godt å komme heim til asfalt og norsk kultur, seier ho.

Det ho kan gi tips til andre studentar som vurderer å reise på utveksling, er at ein stressar meir enn ein treng.

Alt ordnar seg likevel.

Linn Gulbrandsen

Utveksling frå Nord

Har du lyst til å gjere som Linn og reise på utveksling? Nord har utvekslingsavtalar innanfor og utanfor Europa. Les meir på Nord sine sider: Alt om utveksling (nord.no)

Desse søknadsfristane bør du ha kontroll på:

  • 20. januar (hovudfristen for haust- og vårsemesteret)
  • 1. september (vårsemesteret)

Har du spørsmål om utveksling? Kontakt exchangestudent@nord.no

Bli med på Internasjonal veke 2023 - frå 23.-27. oktober i Bodø og Levanger.