På veg mot å skrive samisk verdshistorie

To kvinner i en korridor som smiler og snakker med hverandre

Historiske lærarstudentar: Vanja Tørresdal og Ramona Kappfjell Sørfjell er to av dei fire studentane som starta på sørsamisk grunnskolelærarutdanning hausten 2019. Til våren er dei ferdig utdanna og klare for å bidra til at fleire barn skal lære det utryddingstrua språket. Foto: Bjørnar Leknes.

På veg mot å skrive samisk verdshistorie
Snart blir Ramona og Vanja historiske, som to av dei første med sørsamisk grunnskolelærarutdanning frå Nord universitet.

– Eg gler meg innmari mykje til å begynne å jobbe som lærar. Det har eg venta på i snart fem år no.

Det seier Vanja Tørresdal (25) frå fjellbygda Brekken i Rossen tjïelte/Røros kommune. Hausten 2019 var ho ein av tre som byrja på sørsamisk grunnskolelærarutdanning ved Nord universitet i Levanger. Til våren blir draumen hennar til sanning, og til hausten byrjar ho å jobbe som lærar ved Røros skole.

Kvar gong eg er ute i praksis blir eg minna på kvifor det er dette eg vil.

Ramona Kappfjell Sørfjell, student på sørsamisk grunnskolelærarutdanning

Sånn sett kan både ho og Ramona Kappfjell Sørfjell (25) ikkje berre kalla seg for lærarar, men også livreddarar for det sørsamiske språket. For ifølge regjeringa er sør- og lulesamisk på UNESCO si liste over alvorleg trua språk. I tillegg er det kritisk mangel på sør- og lulesamiske lærarar i Noreg.

– Det kjennes veldig bra ut å snart være ferdig med utdanninga. Kvar gong eg er ute i praksis blir eg minna på kvifor det er dette eg vil. Som lærar får du jobbe med så mange skjønne barn. Og som sørsamisk lærar får eg bidra til å få fleire til å snakke språket i framtida, seier helgelendingen Ramona, som til hausten byrjar som lærar i Snåasen tjïelte/Snåsa kommune.

Artikkelen fortset etter videoen.

Lahkoe biejjine: Nord-student Ramona Kappfjell Sørfjell fortel deg korleis du seier gratulerer med dagen på samisk. Video: Bjørnar Leknes.

Verdas første sør- og lulesamiske lærarutdanning

Nord universitet er lokalisert i Sámeednam/Saepmie og har ansvar for forsking og utdanning innan lule- og sørsamisk språk og kultur. Hausten 2018 etablerte dei verdas første lule- og sørsamiske grunnskolelærarutdanning.

I tillegg tilbyr dei ei rekke kortare studiar, som mellom anna sør- og lulesamisk begynnarnivå.

– I tillegg driv vi og planlegg mikroemne i grunnleggande sørsamisk, som blir heilt nettbaserte. Vi har også planar om å starte opp ein bachelor i sørsamisk hausten 2025. Hausten 2024 planlegg vi eit samarbeid med UiT Norges arktiske universitet om ein master i sørsamisk og lulesamisk, fortel Inger Johansen, koordinator for sørsamisk seksjon ved Nord universitet.

Nord universitet leier også eit nytt forskingsprosjekt SpedAims Hjertespråk, som skal kaste lys over språkutviklinga og den pedagogiske støtta til samiskspråklege barn i Noreg.

To jenter ute i en park i fint høstvær
Snart i mål: Ramona Kappfjell Sørfjell og Vanja Tørresdal tar sørsamisk grunnskulelærarutdanning 1-7 ved Nord universitet i Levanger. Foto: Bjørnar Leknes.

Stor interesse for samiske begynnerstudium

Likevel er ikkje dette nok til å blåse bort dei mørke skyene som truar.

– Sjølv om vi i vår uteksaminerte tre nye lulesamiske lærarar, og vi neste år kjem til å uteksaminere nokre nye sørsamiske, så slit vi med rekrutteringa. Slik det er no, ser det ut til at det er fleire sørsamiske lærarar som pensjonerer seg framover, enn som utdannar seg. Og dette må vi snu fortast mogleg, seier Johansen. Ho er bekymra for framtida til dei særs utsette språka.

Siri Ellen Nystø Ráhka er lulesamisk koordinator ved universitetet. Ho fortel at det heldigvis er veldig stor interesse for Nord sitt begynner-studium i lulesamisk.

Vi fekk 52 søkjarar til dei 25 studieplassane.

Siri Ellen Nystø Ráhka, lulesamisk koordinator ved Nord universitet

– I tillegg håper vi snart å kunne starte opp igjen med bachelor i lulesamisk, som nett no går gjennom større revideringar, fortel Ráhka.

I Noreg strekk det sørsamiske området seg frå Saltfjellet i nord til Engerdal i sør, medan det lulesamiske området er frå Saltfjellet i sør til Ofoten i nord. Ein antar at det finst eit par tusen menneske i Noreg og Sverige som definerer seg som sørsamar, og at talet er om lag det same for lulesamar.

Ifølge Grunnskulens informasjonssystem (GSI) er det i dag mange fleire ungar i skulen som har sørsamisk som førstespråk. Men ifølge Johansen åtvarar dei som jobbar i skulane mot å tru for mykje på tala, for sanninga er ikkje så enkel.

– Det er veldig ressurskrevjande å gi ungar ein oppvekst med sørsamisk som førstespråk, og det krev mykje av både skolen og heimen - og av lokalsamfunna rundt. Så tala er usikre, sjølv om det er fleire no enn for til dømes 20 år sidan.

Fakta mot fordommar

To samiske kvinner som går i ein gang med store vindauger ved siden av seg
På rett veg: Vanja Tørresdal og Ramona Kappfjell Sørfjell kan snart kalle seg grunnskolelærarar, etter fem år med utdanning her ved Nord universitet i Levanger. Foto: Bjørnar Leknes.

Dette kan Ramona Kappfjell Sørfjell stadfeste. Ho synest framleis det sørsamiske språket er krevjande, og snakkar sjølv sørsamisk stort sett berre når ho er på fjellet i lag med sin samiske far frå Maajehjaevrie/Majavatn.

– Eg vaks opp på Sømna hos mi norske mor. Der var det samiske heilt usynleg, og det var berre eg som var samisk på skolen. Eg vart ikkje mobba, men eg måtte legge bort den samiske sida av meg der.

Tre gonger i halvåret deltok ho på vekelange språksamlingar i Aarborten tjïelte/Hattfjelldal, noko som hjelpte ho til å bli sterk i sin identitet.

– Der fann eg tilhøyrsle og tryggleik. I lag med folk som forstår deg, blir du sterkare, seier Ramona.

Det er svært stor mangel på lærarar med samisk kompetanse i Norge. I dei 13 kommunane i Noreg kor norsk og samisk er likestilt, syner ein rapport frå 2022 at det manglar folk med fagutdanning, som også har kompetanse i samisk språk og kultur, i alle saman.

Dette er ifølgje NRK eit lovbrot, ettersom alle elevar har rett til å få undervising i og på samisk språk. Og aller mest kritisk er det i sør- og lulesamiske områder.

Som lærarar ser Ramona og Vanja fram til å få formidle både språk og kultur, men også fakta, til dagens barn og unge.

– Det blir fint å kunne hjelpe dei til å bli sterke, sjå dei utvikle seg, vekse opp og utvikle sin kunnskap. Samar er kjent for å ha mange fordommar retta mot seg, og det er mykje kunnskapslausheit der ute. Alle har lov til å meine det dei vil, men skal du ytre deg, må det botne i fakta, seier Vanja, som sjølv har vorte utsett for fleire grove hendingar opp gjennom åra, berre fordi ho er samisk.

Eg har fått drapstrugslar retta mot meg, blitt joika etter, fått ting kasta etter meg og nesten blitt slått ned.

Vanja Tørresdal, student på sørsamisk grunnskolelærarutdanning

– Eg vart møtt av ein sint mann i 60-åra på ein utestad. Han prøvde å slå meg ned fordi faren min har rein. Heldigvis var det nokon som stod opp for meg da, men opplevinga var veldig ubehageleg, fortel ho.

Nye millionar over statsbudsjettet

Nord universitet har som strategi at dei skal styrke dei samiske utdanningane, og auke omfanget av tverrfagleg samisk forsking. I 2022 oppretta universitetet Senter for samisk og urfolksstudier, og i haust fekk Nord ei god nyheit frå statleg hald.

Regjeringa ga 37 millionar kroner ekstra til styrking av samisk språk og kultur i Noreg, der tre millionar går til den sør- og lulesamiske satsinga ved Nord universitet.

Kunnskapsdepartementet ynskjer ifølge rektor at Nord skal styrke senteret med to stipendiatstillingar, ei på sørsamisk og ei på lulesamisk.

– Vi har jobba mykje for å få til etableringa av senteret. Med denne ekstrabevillinga på statsbudsjettet for 2024, vil vi få midlar til å utvikle senteret ytterlegare, seier rektor Hanne Solheim Hansen.

Utdanning er viktig – men utdanninga kan bli betre

To unge samiske kvinner ved ei bokhylle i et bibliotek.
Historiske: Til hausten ventar lærarjobb i skulen for Vanja Tørresdal og Ramona Kappfjell Sørfjell. Foto: Bjørnar Leknes.

Ramona Kappfjell Sørfjell og Vanja Tørresdal er glad for at Nord vil styrke både senteret og satsinga på utdanning og forsking innafor det samiske. Samstundes er dei tydelege på at den framleis så nye sørsamiske grunnskolelærarutdanninga kan bli betre.

– Utdanning på høgare nivå er så viktig. Vi har lært mykje, som til dømes korleis vi skal snakke til barn og korleis vi skal handtere barn i sorg og krise. Vi er også blitt meir medvitne kring forsking og kor viktig det er å finne faktiske sanningar. Så vi er veldig takksame for at vi har fått være med på det, seier Vanja og får støtte frå Ramona.

– Likevel håper vi at Nord tar til seg våre tilbakemeldingar kring det som kan bli betre. Som til dømes at dei bør skilje meir mellom språk- og lærarstudia, og at utdanninga må bli meir munnleg motivert. Vi må leike meir med språket, metodikken og didaktikken. Vi skulle veldig gjerne hatt meir språkleik og meir kunnskap om det samiske frå ulike land. For som lærar skal du kunne det meste og bli trygg også på den samiske historia, seier Ramona.

Om få månader ventar læraryrket på dei begge to. Ramona i Snåasen/Snåsa og Vanja i Rossen/Røros. Dei gler seg vilt, men vedgår at dei også kjenner på ei ærefrykt.

– Sørsamisk er jo eit trua språk, og vi må få opp fleire som beherskar språket. Så ansvaret er stort. Samstundes skal vi undervise mange barn, og jobbe i lag med mange kollegaer, som har sørsamisk som førstespråk. Sjølv har eg hatt det som andrespråk og ikkje som heimespråk, seier Vanja.

– Heldigvis seier mine nye kollegaer at dei gler seg til vi kjem. Til saman blir vi eit godt team. Når vi får smelta vår ulike kompetanse i hop, får vi det beste resultatet, seier Ramona med eit smil.

PS Denne saka blei fyrste gong publisert 26.10.2023

To kvinner ved eit bord i ei kantine med ein bokhandel i bakgrunn
Eit langt løp: Snart fem år har gått sidan Ramona Kappfjell Sørfjell og Vanja Tørresdal satte seg ned her i kantina ved Nord universitet sin studiestad i Levanger for første gong. Foto: Bjørnar Leknes.
Språk-app og sjekketriks: Ramona Kappfjell Sørfjell gir deg nokre gode tips om du har lyst til å lære deg samisk språk. Video: Bjørnar Leknes.

Fakta om Nord og samisk

Nord universitet har nasjonalt ansvar for forsking og utdanning innan lule- og sørsamisk språk og kultur. Universitetet skal ifølge Strategi 2030 styrke dei samiske utdanningane, og auke omfanget av tverrfagleg samisk forsking. I 2022 etablerte universitetet Senter for samisk og urfolksstudier, i samarbeid med Nordlandsforskning.

Nord tilbyr ei rekke samiske og urfolkrelaterte utdanningar, deriblant:

  • Sørsamisk grunnskolelærerutdanning 1-7 (master)
  • Lulesamisk grunnskolelærerutdanning 1-7 (master)
  • Lulesamisk bachelorstudium (sørsamisk bachelor under planlegging)
  • Nordområdestudier (årsstudium)
  • Lulesamisk og sørsamisk begynnernivå
  • Med joik som utgangspunkt
  • Rytmisk korledelse og joik

Du finn ei oversikt over alle våre utdanningar og emne, samt all vår forsking, på nettsida til Senter for samisk og urfolksstudier.

Komande arrangement: